TRYKK I SANNTID 04: KARBONSYKLUS

Åpning av utstilling torsdag 1. februar 2024 kl. 18.00

Hedvig Thorkildsen

Trykk i sanntid 04: KARBONSYKLUS

Utstillinga er resultat av samarbeid mellom grafikkverkstadane Tou Trykk i Stavanger, Kunstkvarteret trykk i Lofoten, Foreningen Trykkeriet i Bergen, Prima Ink i Tromsø, Aggregat i Ålesund, Lademoen grafikkverkstad i Trondheim, Snefjord atelier, Universitetet i Agder og dei tre kunstnarane Elin Kjøsnes, Bent Erik Myrvoll og Rita Marhaug.

I 2019 tok Kjellaug Hatlen Lunde -som har bygga opp Kunstkvarteter trykk, initiativ til det femårige prosjektet Trykk i sanntid. Ynskje var å skape kontakt mellom trykkeverkstadar og kunstnarar langs kysten.

I fjor på årets lysaste dag, kom 16 kunstnarar saman i Stavanger, Bergen, Ålesund, Lofoten og Kristiansand. Tema var karbonsyklus og målet var å skape ei innhald til ei trekkspelbok. Denne, i lag med boka KARBONAVTRYKK frå 2020, porteføljen KARBONFANGST frå 2021 og bokrullen KARBONLAGRING frå 2022 er basen for denne utstillinga der og tre av kunstnarane er invitert til å skape nye verk til Bruksrommet.

Utstillinga har eit mangfald av uttrykk i dei mange trykka i tillegg til nyskapa installasjon, objekt og videoverk.

OM TRYKK I SANNTID
Årlege utgåver av kunstnarbøker/portfoliar er ein viktig del av det 5-årige prosjektet «Trykk i sann-tid» initiert av Kunstkvarteret trykk (KK-trykk) i 2019. Den fyrste publikasjonen var KARBONAVTRYKK (2020), den andre porteføljeboksen KARBONFANGST (2022), den tredje bokrullen KARBONLAGRING og den fjerde trekkspelboka KARBONSYKLUS frå 2023.
TRYKK I SANNTID fokuserer på problemstillingar vi finn aktuelle for vårt fagområde i kombinasjon med generelle tendensar i tida.
Kvart år har kunstnarane (deltakarane varierar frå år til år), - på årets lysaste dag, i mindre grupper samla seg for å gjere ei trykke-hending med eit gitt tema. Dokumentasjonen vert samla og lagt ut samstundes - i sanntid - på:
https://www.trykkisanntid.no/
https://www.facebook.com/Kunstkvarteret
https://www.instagram.com/explore/tags/trykkisanntid2020/
https://www.instagram.com/explore/tags/trykkisanntid2021/

Opningstider:
Torsdag 01.02 kl. 18.00 - 19.30
Fredag 02.02 kl. 13.00 - 16.00
Lørdag 03.02 kl. 13.00 - 16.00
Søndag 04.02 kl. 13.00 - 16.00

Lørdag 10.02 kl. 13.00 - 16.00
Søndag 11.02 kl. 13.00 - 16.00

Lørdag 02.03 kl. 13.00 - 16.00
Søndag 03.03 kl. 13.00 - 16.00

Åpent mandager og tirsdager i utstillingsperioden
dersom verkstedet er betjent.