KUNSTNARPRESENTASJON: TRYKK I SANNTID 04: KARBONSYKLUS

Arkivet fredag 2. februar kl 14.00

Åse Anda, Kjellaug H. Lunde og Rita Marhaug

Trykk i sanntid er eit femårig, kollektivt prosjekt initiert av kunstnarane Åse Anda, Kjellaug Hatlen Lunde og Rita Marhaug i 2019. Med utgangspunkt i grunnstoffet karbon samlar dei utøvande grafikarar frå heile landet for å gi poetiske uttrykk til karbonets uransakelege vegar. Karbonavtrykk, karbonfangst, karbonlagring og karbonsyklus er kjende og svært aktuelle omgrep med sentral plass i miljø- og klimadebatten. Sjølve stoffet – grunnstoffet karbon – er dessutan ein grunnleggjande faktor i den materielle historia til grafikken, der sverte er ein hovudingrediens. Gjennom ein definert og dagsaktuell tematikk opnar Trykk i sanntid opp for individuelle, kreative tolkingar utført i kollektiv ånd.